Kvalitetsindikator for død Lag KI-datasett for om pasienten døde innanfor eit visst tal dagar frå prosedyren.

ki_dod(d_pros, d_mce, d_pas, dagar_innan = 29)

Arguments

d_pros

Prosedyredatasett.

d_mce

Forløpsdatasett.

d_pas

Pasientdatasett (patientlist-tabellen).

dagar_innan

Talet på dagar som ein skal sjå om pasienten døde innan. Dødsfall denne dagen vert òg rekna med. Standardverdien er 29, dvs. ein ser om pasienten døde < 30 dagar frå prosedyredatoen.

Value

KI-datasett eigna for bruk med aggreger_ki_prop().

Details

Berre prosedyrar gjort minst dagar_innan før dagens dato inngår i indikatoren, pluss prosedyrar der pasienten døde under operasjon. Grunnen er at det berre er desse me garantert kan avgjera om pasienten overlevde eller ikkje.

Note

Indikatoren kan ha misvisande tal (for mange overlevande) for prosedyrar veldig nær datadumpdatoen, spesielt for historiske datadumpar. I framtida vil funksjonen kanskje endrast til å ta inn ein eksplisitt dato for når me har oppdatert dødsdatoinformasjon frå.