Skip to contents

[Stable]

Tek inn ein vektor og kjedar saman (listar opp) elementa. Returnerer resultatet som ein tekststreng.

Usage

kjed_ord(ord, skiljeteikn = ", ", og = " og ")

Arguments

ord

Ein vektor med dei elementa som skal kjedast saman.

skiljeteikn

Skiljeteikn som skal brukast mellom alle elementa (utanom dei to siste).

og

Tekst som skal setjast inn mellom dei to siste elementa.

Value

Ein tekststreng med eitt element, der alle elementa frå ord er kjeda saman.

Details

Funksjonen er meint å brukast til å laga ei opplisting av elementa i ord (typisk ein tekst- eller talvektor) på ein naturleg måte.

Funksjonen tek inn ein vektor og kjedar saman elementa med skiljeteikn (som standard eit komma) mellom kvart element, utanom dei to siste, som vert kjeda saman med og (som standard ordet «og» med mellomrom rundt). Resultatet vert returnert som ein tekststreng med eitt element.

Funksjonen handterar ulike typar inndata, som tekst, tal, dato og andre typar objekt der base::as.character() er definert. Manglande verdiar vert gjort om til teksten "NA".

Examples

kjed_ord(c("Per", "Kari"))
#> [1] "Per og Kari"

kjed_ord(c("Per", "Kari", "Ola"))
#> [1] "Per, Kari og Ola"

kjed_ord(c("Per", "Kari", "Ola"), og = " & ")
#> [1] "Per, Kari & Ola"

kjed_ord(c("Førde", "Bergen og Voss", "Oslo", "Stavanger"),
  skiljeteikn = "; ",
  og = " – og til slutt "
)
#> [1] "Førde; Bergen og Voss; Oslo – og til slutt Stavanger"