Changelog
Source:NEWS.md
rapwhale 0.6.0
Samandrag
Den største endringa i denne versjonen er strengare kvalitetskontroll. Me har sett opp fleire automatiske testar som vert automatisk køyrde før me gjer endringar. Desse har òg avdekt fleire mindre feil og manglar som me har retta opp.
Dokumentasjonen er no publisert som nettstad på https://rapporteket.github.io/rapwhale/.
Det er òg noko nytt som krev endringar i dokkar kode. Alt dette kan de lesa meir om nedanfor.
Nytt som krev endringar i din kode
- Pakken er no avhengig av R-pakkane
tidyselect,withrogcheckmate, så du må ha desse installerte. - Du treng no R versjon 4.4 eller nyare for å bruka rapwhale-pakken. Grunnen er at
profile()- ogconfint()-metodane for"glm"-objekt vart flytta frå MASS-pakken til stats-pakken i R 4.4.0, og me brukar no desse direkte frå stats. Dette krev ikkje endringar i din eigen kode, men du må ha ein ny nok R-versjon installert. (Tidlegare kravde me R versjon 4.1.0 eller nyare.) - rapwhale er ikkje lenger avhengig av MASS-pakken, så denne treng du ikkje lenger ha installert (med mindre du brukar han til noko anna).
- Me har gått over til det nye R-røyret
|>i staden for magrittr-røyret%>%. Det nye røyret vert brukt i all koden vår og i eksempla i hjelpefilene. Dette krev strengt tatt ikkje endringar i din kode, men me tilrår at du òg går over til det nye røyret. Grunngjeving: https://r4ds.hadley.nz/data-transform.html#sec-the-pipe Les eventuelt meir om forskjellane mellom dei to røyra: https://www.tidyverse.org/blog/2023/04/base-vs-magrittr-pipe/
Forbetringar
Det er generelle forbetringar i kodekvaliteten, det er lagt til fleire automatiske testar, og dokumentasjonen og feilmeldingar til fleire funksjonar er forbetra.
For å støtta R-versjonar eldre enn 4.4.0 måtte aggreger_ki_rate() tidlegare kalla den interne funksjonen profile.glm() i MASS-pakken ved bruk av :::-operatoren. Sidan me no krev R versjon 4.4 eller nyare, brukar me stats::profile() på vanleg måte, og både denne omvegen og MASS-avhengnaden er fjerna. Utrekningane er uendra.
rapwhale 0.5.0
Samandrag
Den største endringa i denne versjonen er at rapwhale-pakken no er eit eige git-depot og er tilgjengeleg på GitHub. Her kan de blant anna følgja med på kva endringar me gjer, prøva ut utviklingsversjonar og melda inn feil.
Men merk at det berre er dei offisielle utgjevingane me offisielt støttar og tilrår å bruka i kvalitetsregisterarbeid. Desse er merkte med merkelappar (tags). De finn ei oversikt over alle merkelappane på https://github.com/Rapporteket/rapwhale/tags eller ved å skriva git tag -l i ein klon av depotet.
På «issues»-sida kan de melda inn feil, endringsønske eller ønske om ny funksjonalitet, eller stilla spørsmål om rapwhale-pakken: https://github.com/Rapporteket/rapwhale/issues
Dette er vår føretrekte kanal for slike førespurnadar. Men merk at det er ei offentleg side, så alt de legg inn der, vert tilgjengeleg for heile verda.
Elles er det ein del mindre forbetringar og feilrettingar i denne versjonen. Det er òg noko nytt som krev endringar i dokkar kode. Alt dette kan de lesa meir om nedanfor.
Endringar i utviklingsnivå
Denne funksjonen er ny:
-
aggreger_ki_rate(): Funksjon for utrekning av kvalitetsindikatorar for ratar. Sjå hjelpesida for funksjonen eller oppdatert vignett «Kvalitetsindikatorfunksjonar» for detaljar.
Nytt som krev endringar i din kode
- Du må ha dplyr versjon 1.1.1 eller nyare installert. Denne har fleire endringar som kanskje krev endringar i koden din. Sjå for eksempel tekst lenger nede om endringar i
*_join()-funksjonane. Du kan lesa meir om alle endringane i dplyr-pakken her: https://cran.r-project.org/web/packages/dplyr/news/news.html#dplyr-1.1.1 - Funksjonane
regn_ki_univar()ogregn_ki_bin()har bytt namn tilregn_konfint_univar()ogregn_konfint_univar(). Dette er gjort for å unngå forveksling med funksjonar derkityder kvalitetsindikator, eksempelvisaggreger_ki_snitt(). Frå no av vilkii funksjonsnamn alltid tyda kvalitetsindikator. - Som nemnt i versjon 0.4.0 vert argumentet
tabelli funksjonanenum()ogprosent()fjerna i denne versjonen. Sjå versjonsloggen for v0.4.0 nedanfor for detaljar om endringa. - Brukar du
bygg_og_installer_pakker(), må du no eksplisitt oppgje pakkemappene. Det følgjer med eit eksempel som viser korleis du lett kan søka opp mapper som inneheld R-pakkar, for å automatisera dette.
Ny funksjonalitet
-
skaar_datasett()har fått støtte for konstantledd. For å leggja til eit konstantledd for ein sumskår legg ein til ei rad iskaaringstabell. I rada skaldelskalavera sumskåren konstantleddet skal gjelda for,variabelogverdibegge veraNA, ogkoeffisientvera verdien til konstantleddet. -
regn_konfint_univar()har fått to nye argument. Dei erkonf_niva, for val av konfidensnivå, ogR, for val av tal på replikasjonar nårbootstraper sett tilTRUE. Talet på bootstrap-replikasjonar var tidlegare hardkoda til 9999. - I
normaliser_varnamn()vart variabelnamn utan bokstavar gjorde om til tomme tekstvektorar. Funksjonen krev no variabelnamn med minst éin bokstav, og gjev feilmelding elles. -
normaliser_varnamn()gjev no åtvaring viss utdata får to eller fleire like variabelnamn. -
les_kb_mrs()tolkar no"None"og"Unknown"som manglande verdiar.
Feil retta opp
-
num()hadde ein feil som gjorde atnum(NA)ikkje vart til LaTeX-kommandoen\textendash, men teksten «textendash» i staden. -
regn_ki_univar()kalla ein funksjonsimpleboot::boot.ci()som ikkje fanst i den pakken. Funksjonen brukar no pakkenbooti staden forsimpleboot, og bootstrapping funkar igjen. - Funksjonen
tid_til_tidslinje()hadde en feil som gjorde at punkter ble plassert mellom eksisterende datapunkt, og ikke på riktig plassering innen hvert aktuelle år. Ved ikke-etterfølgende årstall i inndata kunne dermed punktene bli plassert i feil år. Har også fjernet omkoding av klokkeslett for datovariabler med klokkeslett hvor registrert tid var ‘00:00:00’. Disse vil nå behandles som korrekte klokkeslett.
Forbetringar
Det sett opp automatisk køyring av testane i rapwhale-pakken på GitHub. Dette vil gje endå betre sikring mot at nye feil vert innført, og oppdateringar i andre pakkar som fører til endringar i rapwhale, vil oppdagast raskare.
Alle kall av *_join()-funksjonane frå dplyr-pakken brukar no det nye argumentet relationship, som vart introdusert i dplyr versjon 1.1.1. I dette argumentet spesifiserer ein kva type matching ein ventar (éin-til-éin, mange-til-éin, éin-til-mange eller mange-til-mange). Dette gjer koden sikrare ved at ein får feilmelding ved forsøk på joining med uventa tal på treff per rad. Denne endringa gjer at rapwhale krev versjon 1.1.1 eller nyare av dplyr-pakken.
Ein del funksjonar frå styler-pakken som er brukt i rapwhale, som tidlegare var interne og vart kalla ved bruk av :::-operatoren, er gjort eksterne. Desse er tekne i bruk, og vert kalla på vanleg måte.
Tekniske endringar for importerte og føreslegne pakkar:
- Lagt til manglande pakkar i bruk i funksjonar under
Imports. - Lagt til manglande pakkar i bruk vignettar og testar under
Suggests. - Fjerna pakkar som ikkje var i bruk frå
Imports. - Flytta nokre pakkar frå
ImportstilSuggests(pakkar som ikkje er nødvendige for funksjonaliteten til rapwhale, t.d. pakkar berre brukt i testar).
Funksjonalitet som har vorte utdatert (deprecated) i andre pakkar, er oppdatert:
-
all_of()ellerany_of()i staden for ekstern vektor i tidyselect. -
linewidthi staden forsizei linjer i ggplot2. -
as.symbol()i staden for filtrering på éin-kolonne-matriser ifilter(). -
append(after = 0)i staden forpurrr::prepend(). -
if()/else()i staden forpurrr::when(). -
paste0()i staden forstringr::str_c()ved resirkulering av vektor med anna lengd enn 1. - Anonyme funksjonar i staden for
...idplyr::across().
Fleire funksjonar har fått:
- Utbetra dokumentasjon, blant anna for nokre argument som mangla dette i nokre funksjonar.
- Fleire og betre testar. Dette vil ikkje vera synleg for brukaren, men det sikrar at funksjonane alltid skal fungera slik dei er meint. Feil/manglar som vart avdekte av dei nye testane, er sjølvsagt retta opp.
- Køyrbar kode i eksempla (t.d. ved manglande lasting av pakke).
- Mindre feilrettingar og utbetringar.
rapwhale 0.4.0
Samandrag
I denne versjonen er det både nye funksjonar, forbetra funksjonar og feilretting. Generelt er det betre kodekvalitet, og mange funksjonar har fått betre dokumentasjon, eksempel, feilmeldingar og testar.
For rapportering finn du nye og endra funksjonar for formatering av figurar og tal samt funksjonalitet for berekning av komplettheit.
Me har òg fått våre eigne styler-innstillingar for automatisk finformatering av R-kode. Bruk desse! Sjå vignetten Bruk av styler og lintr for meir informasjon.
Og alle funksjonane i pakken har no informasjon om utviklingsnivå. Sjå vignetten Utviklingsnivå for funksjonar i rapwhale-pakken for meir informasjon om korleis denne er meint å brukast. Førebels er mange funksjonar merkte som eksperimentelle, og ved vidare arbeid med pakken vil me prioritera å høgna utviklingsnivå til funksjonar basert på brukarbehov. Meld derfor frå om kva funksjonar du vil ha mest nytte av, slik at me kan prioritera dei.
Elles er det fleire endringar som krev endringar i din kode. Sjå eige punkt om det nedanfor.
Endringar i utviklingsnivå
Desse funksjonane er nye:
boy_enhet(): Formater automatisk tall med tilhørende entalls-/flertallsform. Funksjonen kan være nyttig om man for eksempel skal skrive en rapport, og man ikke er sikker på hvor mange det er av en spesifikk enhet. Da kan man for eksempel brukeboy_enhet(x, entall = "pasient", flertall = "pasienter")i stedet for å skrivepaste(x, "pasient(er)"). Funksjonen kan også ta forskjellige formateringsargument, som kan gjøre tallvektoren om til den formen man måtte ønske, for eksempel med et gitt antall desimaler.erstatt_0(): Erstatt 0 med en valgfri verdi. Funksjonen er sannsynligvis mest nyttig sammen medboy_enhet(), hvor den er standardvalg forformatering-argumentet.beregn_kompletthet_datasett()ogberegn_kompletthet_datasett_med_ukjent(): Forenkler arbeidet med å beregne kompletthet for registerdata.beregn_kompletthet_datasett()beregner antall og andel rader som er eksplisittNAi et datasett. I enkelte tilfeller ønsker vi også å inkludere verdier som representerer en manglende besvarelse for en variabel. For eksempel har enkelte variabler kodet egne verdier for «Ukjent», «Vet ikke» og lignende.beregn_kompletthet_datasett_med_ukjent()konverterer disse ukjente besvarelsene til eksplisittNAog regner ut kompletthet med og uten denne konverteringen.erstatt_ukjent()beregn_kompletthet(),beregn_kompletthet_med_ukjent()ogerstatt_ukjent_for_datasett(): Hjelpefunksjoner som kan brukes hvis en kun ønsker å se på enkeltvariabler eller å erstatte alle ukjente verdier medNA. Funksjonene er foreløpig å anse som eksperimentelle.rapwhale_style(): Fagsenteret sin kodestilguide til bruk medstyler.aktiver_kvalregtema(): Oppdater tema, fargar og andre figurinstillingar til fagsenteret sine standardinnstillingar.assignment_eq_linter(): Til bruk medlintrog sjekkar at=vert brukt ved tilordning i staden for<-.kompiler_rnw(): Kompiler ei .Rnw-fil til ei .tex-fil. Gjev beskjed om kompileringa gjekk bra og slettar eventuelt .tex-fila ved feil med kompilering, slik at ein då unngår forsøk på kompilering vidare til .pdf.kompiler_tex(): Kompiler ei .tex-fil til ei .pdf-fil. Funksjonen gjentek kompilering til alle kryssreferansar og slikt er i orden, men maksmaksitergonger. Gjev beskjed om status for kompilering, og gjev òg ut loggen vissvis_feilmeldingar = TRUE.lag_fig_soyle_prosent(): Liklag_fig_soyle(), men der y-aksen vert vist som prosent.
Desse funksjonane har endra utviklingsnivå:
-
boy_enhet(): ny funksjon, nostable -
erstatt_0(): ny funksjon, nostable - Fleire nye offentlege/eksporterte funksjonar (sjå ovanfor) og interne funksjonar som har utviklingsnivå
experimental.
Nytt som krev endringar i din kode
Fjerna temainstillingar frå
lag_fig_histogram()oglag_fig_soyle(). Desse instillingane får ein no ved å brukaaktiver_kvalregtema()ellerggplot2::theme_set(tema_kvalreg()).lag_fig_soyle()lagar no som standard horisontale søyler. For vertikale søyler brukflip = FALSE(nytt argument, sjå info under).I vignetten for ekstern validering fungerte ikkje eksempla som brukte
slice_sample(..., n = Inf)med (nokre) nyare versjonar av dplyr-pakken. Me har endra eksempla til heller å bruka argumentetprop = 1(som strengt tatt òg er meir logisk). Viss du brukar tilsvarande kode, bør du òg endra denne. Sjå relatert feilrapport for dplyr: https://github.com/tidyverse/dplyr/issues/6185-
LaTeX-klassen kvalreg brukar no pakken numprint i staden for siunitx for automatisk formatering av tal (med tusenskiljeteikn og norsk komma). Det er fleire fordelar med dette: Kompileringa går litt raskare, og me treng ikkje lenger spesialhandtera tal som skal visast i tabellar.
R-funksjonen
num()er oppdatert til å bruka numprint, så all automatisk talformatering skal fungera akkurat som før. Men argumentettabelltil funksjonen er merkt som utdatert («deprecated») og vert fjerna heilt i neste versjon av rapwhale-pakken. Fjern derfor dette argumentet i alle kall tilnum(). Det same gjeldprosent()-funksjonen.Viss du formaterer tal manuelt med
\num-makroen i LaTeX (ikkje anbefalt), må du no bruka\numprint(og syntaksen for denne) i staden for. -
I LaTeX-klassen kvalreg har me no gått tilbake til å bruka polyglossia-pakken i staden for babel-pakken for norsk språkstøtte. Me måtte mellombels bruka babel på grunn av ein feil i luaotfload i TeX Live 2021 (sjå https://tex.stackexchange.com/q/594485).
I utgangspunktet treng du ikkje gjera nokon endringar i koden din, men viss du har begynt å bruka babel-spesifikke makroar, må du endra desse til tilsvarande polyglossia-makroar. Brukar du for eksempel
\foreignlanguage{british}{English text}for å skriva engelsk tekst (med automatisk engelsk orddeling), må du endra dette til\textenglish{English text}. Hvis du bruker funksjonen
les_kb_mrs()må du passe på at ekstern tabell for skjemakobling har riktig kolonnenavn. kolonnenavnetskjema_id_kodebok_nyer endret tilskjema_id_kodebok.
Ny funksjonalitet
lag_fig_soyle()har fått eit nytt argumentflipsom avgjer om søylene skal vera horisontale eller vertikale. Standardverdi erTRUEsom gjev vertikale søyler.les_kb_mrs()har fått støtte for datovariablar utan klokkeslett.utviklingsnivaa()gjev no ut info om funksjonane er interne eller eksterne.
Feil retta opp
Bruk av
\kode{}-makroen frå LaTeX-klassen kvalreg vil no aldri gje orddeling etter _-teikn.LaTeX-dokument som brukar kvalreg-klassen, får no igjen vassmerket «UTKAST» i bakgrunnen ved kompilering i utkastmodus. (Dette var mellombels fjerna på grunn av ein feil i TeX Live 2021.)
Forbetringar
Mange funksjonar har fått:
- Nye eller forbetra (og meir realistiske) eksempel.
- Forbetra dokumentasjon, som skal vera lettare å lesa og meir presis, med nøyaktig informasjon om kva inndata ein funksjon tek (eksempelvis lengd og type/klasse) og kva utdata han gjev ut (òg ved spesialtilfelle der inndataa er NA eller har lengd 0).
- Meir presise feilmeldingar, og med betre språk.
- Fleire og betre testar. Dette vil ikkje vera synleg for brukaren, men det sikrar at funksjonane alltid skal fungera slik dei er meint. Feil/manglar som vart avdekte av dei nye testane, er sjølvsagt retta opp.
rapwhale 0.3.3 (og tidlegare)
Me har ikkje skrive endringslogg for rapwhale versjon 0.3.3 eller tidlegare versjonar. Sjå derfor Git-loggen for detaljert informasjon om alle tidlegare endringar. Versjon 0.3.3 vart offisielt utgjeven 20. oktober 2021. Alle endringar i versjon 0.4.0 og seinare er altså gjorde etter denne datoen.