Skip to contents

[Experimental]

Les inn MRS-data frå gitt skjema ved hjelp av kodebok.
Kodeboka vert brukt til å gje alle variablane rett format (tal, tekst, dato, boolske/logiske verdiar osv.) og til å sikra at datadumpen er i samsvar med kodeboka.

Som standard treng ein ikkje oppgje kodebok; ho vert automatisk henta inn.
Men dersom ein skal lesa inn mange skjema, er det lurare å lesa inn kodeboka separat først, for at ting skal gå raskare (innlesing og validering av kodeboka kan ta litt tid).
Det er òg nødvendig å gjera det slik dersom ein har kodeboka frå ei anna kjelde eller viss ein vil bruka ei modifisert kodebok (generelt farleg!).

Returnerer et R-datasett for det aktuelle skjemaet.

Usage

les_dd_mrs(mappe_dd, skjema_id, versjon = "Prod", dato = NULL, kodebok = NULL)

Arguments

mappe_dd

Adressa til datadump-mappa (som inneheld éi undermappe, med namn på forma ÅÅÅÅ-MM-DD, for kvart uttak). Antagelse ligger til grunn at nyeste kodebok ligger i samme mappe som de nyeste datadumpene.

skjema_id

ID til skjemaet ein vil henta inn (brukt i filnamnet og i kolonnen «tabell» i kodeboka).

versjon

Om datadumpen er "Prod" eller om den er fra "QA". Standardverdi er "Prod".

dato

Datoen ein skal henta ut kodeboka for (tekststreng eller dato). Kan òg vera NULL, for å henta nyaste kodebok.

kodebok

Kodebok på kanonisk form. Kan òg vera NULL, og då vert kodeboka automatisk henta inn.