Les inn OQR-data frå gitt skjema ved hjelp av kodebok.
Kodeboka vert brukt til å gje alle variablane rett format (tal, tekst, dato, boolske/logiske verdiar osv.)
og til å sikra at datadumpen er i samsvar med kodeboka.
Som standard treng ein ikkje oppgje kodebok; ho vert automatisk henta inn.
Men dersom ein skal lesa inn mange skjema, er det lurare å lesa inn
kodeboka separat først, for at ting skal gå raskare (innlesing og validering
av kodeboka kan ta litt tid).
Det er òg nødvendig å gjera det slik dersom ein har kodeboka frå
ei anna kjelde eller viss ein vil bruka ei modifisert kodebok (generelt farleg!).
Returnerer et R-datasett for det aktuelle skjemaet, med variabelnamn gjort om til små bokstavar.
Usage
les_dd_oqr(
mappe_dd,
reg_id,
skjema_id,
status = 1,
dato = NULL,
kodebok = NULL,
valider_kb = is.null(kodebok),
valider_dd = TRUE
)Arguments
- mappe_dd
Adressa til datadump-mappa (som inneheld éi undermappe, med namn på forma ÅÅÅÅ-MM-DD, for kvart uttak).
- reg_id
ID som identifiserer registeret og er prefiks til alle filnamna.
- skjema_id
ID til skjemaet ein vil henta inn (brukt i filnamnet og i kolonnen «tabell» i kodeboka).
- status
Berre ta med skjema med desse statusverdiane (-1 = oppretta, 0 = kladd, 1 = ferdigstilt).
Kan òg vera NULL, for å henta alt, uavhengig av status (dvs. også inkludert NA-status og ugyldige statusverdiar, eller datadumpar som manglar statusvariabel
(ikkje noko av dette skal vera mogleg å få, men alt kan skje i denne verda ...)).- dato
Datoen ein skal henta ut kodeboka for (tekststreng eller dato). Kan òg vera NULL, for å henta nyaste kodebok.
- kodebok
Kodebok på kanonisk form. Kan òg vera NULL, og då vert kodeboka automatisk henta inn.
- valider_kb
Skal kodeboka validerast? Standard er ja dersom kodeboka skal hentast inn automatisk, elles nei.
- valider_dd
Skal datadumpen validerast? Standard er ja.