Skip to contents

[Experimental]

Tar inn ein vektor med tal og gjev ut ein vektor med LaTeX-kode for finformatert vising av tala, for eksempel med tusenskiljeteikn og med avrunding til eit fast tal desimalar.

Usage

num(x, desimalar = NULL)

Arguments

x

Vektor med tala ein ønskjer å få ut på LaTeX-format.

desimalar

Kor mange desimalar som skal visast etter kommaet.

Value

Vektor med LaTeX-kode.

Details

Tala vert viste med tusenskiljeteikn («12 345», ikkje «12345»), desimalteiknet vert (viss språket er norsk) komma («3,14»), ikkje punktum («3.14»), negative tal vert viste med ekte minusteikn («−42»), ikkje bindestrek («-42»), NA-verdiar vert viste som ein kort tankestrek («–») og NULL-verdiar returnerer ein tom tekstvektor.

Tala vert avrunda til desimalar desimalar med den vanlege avrundingsregelen i R. Viss desimalar er NULL, vert det vist så mange desimalar som format()-funksjonen viser som standard. (Men, i motsetning til den funksjonen, vert tala aldri viste i eksponentiell notasjon.)

Merk at funksjonen berre skal brukast på vanlege tal, ikkje årstal, fødselsnummer eller liknande.

Det vert brukt ein funksjon gjort tilgjengeleg av kvalreg-rapport-klassen for formatering av tala. Nøyaktig kva funksjon som vert brukt, kan endrast i framtida, men funksjonaliteten vil vera lik.

Note

Viss desimalar er oppgjeve, vert det alltid vist nøyaktig så mange desimalar, sjølv om dei siste vert 0.

Examples

# Til bruk i setningar i LaTeX
paste0("Store tal som ", num(123456789), " får mellomrom som tusenskiljeteikn.")
#> Error in as.character(structure(123456789, pillar = structure(list(sigfig = NULL,     digits = NULL, label = NULL, scale = NULL, notation = NULL,     fixed_exponent = NULL, extra_sigfig = NULL), class = c("pillar_num_attr", "pillar_vctr_attr", "tibble_vec_attr")), class = c("pillar_num", "pillar_vctr", "vctrs_vctr", "double"))): Can't convert `x` <pillar_num> to <character>.
paste0("Pi avrunda til fire desimalar er ", num(pi, desimalar = 4), ".")
#> Error in num(pi, desimalar = 4): `...` must be empty.
#> ✖ Problematic argument:
#> • desimalar = 4
paste0("Nulldesimalar vert òg viste: ", num(12, desimalar = 2))
#> Error in num(12, desimalar = 2): `...` must be empty.
#> ✖ Problematic argument:
#> • desimalar = 2